Generell informasjon

Besøksadresse:
JØLSTER DESIGN
Vikagarden 30, Skei


Postadresse:
JØLSTER DESIGN
Vikagarden 30
6843 SKEI I JØLSTER

Tlf.:+47 975 21 015

facebook

Følg Jølster Design på facebook

 
Eit lite drops...

I eit skinnande no skal du leva, ikkje i går, ikkje i morgon, men no.

Gerd Grønvold Saue

 


Kyrkjetekstilar

I kyrkjeåret sine fargar Kvite tekstilar Anna

Messehakel
Stola
Preikestolklede
Lesepultklede
Antependium

Altarduk
Dåpsserviett
Serviett til nattverdskalk

Katafalkteppe
Kristneåkle
Teppe i alterringen
Veggutsmy
kking

ulvik_raud_mh_front.jpg ulvik_raud_mh_rygg.jpg

 

1_090220_oppsal_altarduk

 

vakning_ferdig

 

Alle tekstilane er i naturmaterialar; ull, bomull, silke, lin.     Referanseliste.

Kyrkjeleg kunst må skapast til kvart einskild kyrkjerom for å oppnå harmoni og heilskap. Liturgiske tekstilar kan gjere kyrkjerommet endå vakrare om dei er tilpassa rommet. Arkitektur, fargar og eksisterande symbolikk spelar inn når ein skal finne den beste utforminga for tekstilane.

I vårt arbeid med å lage kyrkjetekstilar til ei kyrkje, vitjar vi først kyrkja saman med dei som er ansvarlege for utsmykkinga. Vi tek bilete av kyrkjerommet og viktige element det skal takast omsyn til, til dømes tekstilar, altertavle, glasmåleri m.m. Vi søker å finne dei religiøse verdiane i og omkring kyrkja for å kunne vidareføre ideane i dei tekstilane vi skal lage. Så langt er arbeidet vi gjer uforpliktande.

Om det er ynskjeleg, utarbeider vi designframlegg som kyrkja tek stilling til. Dette vil vere skisser som viser form, farge og symbolikk, fotomontasje og garnprøver.

Vi legg opp til eit nært samarbeid, slik at resultatet vert best mogleg. Vi held og tett kontakt med bispedømmekontoret i bispedømmet som kyrkja høyrer til, med tanke på seinare godkjenning. Vert vi einige om å lage desse produkta, tek vi ikkje betalt for framlegget. Ønskjer derimot kyrkja ikkje å nytte framlegget, tek vi kr 1.000,- for det arbeidet som er gjort.
 

 
Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)

Kart

jlster

Trykk her for større kart