VELKOMMEN TIL JØLSTER DESIGN!
Er du på jakt etter nye kyrkjetekstilar?
Ynskjer du spanande tekstiluttrykk av logo eller grafisk profil som
utsmykking i verksemda eller som gåve, eit vove kunstverk
eller brurebiletet ditt som veggteppe?
Kva med eit stoff spesialdesigna nett for deg til klede eller interiør?
Eller treng du hjelp til å rekonstruere gamalt stoff?
Vel i menyen over for å sjå kva vi kan tilby deg!
NYHENDE:
LÆRLING I HANDVEVARFAGET

Jølster Design tok sist haust inn lærling i handvevarfaget, som er eit verneverdig fag. Jill Tyvold Angelshaug har gått på Design og Tekstil vg2 ved Mo og Jølster vgs. på Vassenden. Det er spennande, utfordrande og utviklande å ha lærling; vi som har jobba ved Jølster Design i snart ti år har fått nye og spennande impulsar.
Jill skal vere hos oss i to år, og i løpet av denne tida skal ho m.a. lære å sette opp ein vev, berekne garn til renning, lære om vevbindingar, konstruere nye bindingar, veve og montere ulike produkt. Ho skal lære om kyrkjetekstilar, symbolikk, søknadsprosessen og besøke kundar saman med ein eller to av oss. Ho skal lese tekstilhistorie og vurdere eige arbeid i lys av vevetradisjonar, motar og trender. I tillegg skal ho lære marknadsføring og berekning av prisar, og ikkje minst rekonstruksjon: analysere, kopiere, rekonstruere.
Vi er glade for å ha Jill med på laget desse to åra; vi har allereie sett at ho er eit positivt tilskot i verksemda.


